| Velkommen til Etne Kommune! Sentralt i Fjord-Norge med fjell, fjordar og storslått natur |
|
Etne kommune har omlag 4.000 innbyggjarar og ligg mellom byane Bergen og Stavanger. Her kan du slappe av i triveleg bygdemiljø og nytte dei mange aktivitets- og opplevingstilboda som finst. Fiske i elvar, fjordar og ferskvatn, fint turterreng i skog og mark eller i fjellområda, båt- og badeliv. Skånevik, som vert kalla "Sunnhordlands Perle", er ein idyllisk tettstad med godt ivareteken byggeskikk, trange gater og velstelte hagar. I Etne finn du bygdemuseum, mange fornminne og gamle kyrkjer, den eldste er omlag frå år 1160. Langfoss i Åkrafjorden er eit mektig syn med ei fallhøgd på over 600 meter. I Etne og Skånevik er det post, bank, hotell og triveleg butikkar. I sommarmånadene blir det arrangert torgdagar, stor bygdemarknad, fiskefestivalar, turmarsjar og mykje meir. Som gjest hjå oss bur du godt i komfortable hytter og feriehus. Velkommen til eit hyggeleg opphald! |
![]() |
![]() |
|
![]() |
60 kvm., 6 personar, byggeår: 1991. 4 hytter like ved Etnefjorden, flott utsikt mot fjord og fjell. Natursti og fint turterreng like ved hyttene, badeplassar, robåt til disposisjon. Motor kan leigast, dykking med instruktør kan arrangerast. Velutstyrt kjøkkenavdeling med komfyr, oppvaskmaskin og kjøleskap. Hyggeleg stove med vedomn, radio og TV. Et soverom med dobbeltseng, soverom og hems med enkle sengeplassar. Dusj, WC. Bod med vaskemaskin og fryseboks. Terrasse med hagemøblar. Barnevenleg. 2 km til kjøpmann, bank og post. Parkering ved hyttene. |
Osnes Hyttepark Osnes, N-5590 Etne Tel. 53 75 63 34 Fax. 53 75 60 15 info@oh.no |
Bilde Galleri |